Om menyane våre

Servering av mat i institusjon

Kundane våre på institusjonar, eldre heimebuande, tilsette på ferjer og firma som treng levering av møte- eller lunsjmat, alle har forskjellige behov og ynskje.

Vi har difor fleire menyar, til einskilde behov og ynskje. Her finn du ein oversikt over dei til einkvar tid gjeldande menyane, inkludert oppdaterte prisar.

Bordgleder  har fem vekers meny. Dei er alle merka med vekenavn. Vi har spesialmenyar knytta til høgtider som påske, pinse, etc.

Det vert teke omsyn til allergiar og spesielle kostbehov. Treng du diettkost, kan det skje etter henvisning frå lege.

Menyane

  • Servering av mat

    Mat til institusjonar

    Vi leverar mat til alle institusjonar i Kinn kommune, frå Eikefjorden i sør til Deknepollen og Måløy i nord.

  • Servering av mat

    Mat til heimebuande

    Bordgleder leverar mat til heimebuande i Kinn kommune, og har eigen ordning for levering frå dør til dør.

  • Bilete av ferje

    Ferjer og bedrifter

    Vi leverar med glede mat til ferjer og bedrifter som i en travel kvardag treng ein stabil leverandør av god mat.

  • Bilete av smørbrød med grønsaker

    Lunsj- og møtemat

    Vi leverar med glede lunsj- og møtemat i Kinn kommune. Ta kontakt med oss via vårt skjema eller ring oss for nærare avtale.

Kosttypar

  • Bordgleder tilpassar middagen din etter dine behov ut frå helse og livssyn så langt mogleg.

  • For alle kosttypar tek vi utgangspunkt i normalkost.

  • I nokre få tilfelle må vi gi ein anna rett enn det som står på menyen, avdi det til dømes oppstår endringar i levering av råvarer.

Utlevering

  • Vi har ulike alternativ for utlevering, men hovudregelen er fritt levert to gongar per veke.

  • For heimebuande med spesielle behov har Kinn kommune spesielle tilpasningar.

Prisar

  • Middag liten  – Kr 65,00  (inkl. Mva)

  • Middag vanleg  – Kr 95,00  (inkl. Mva)

  • Middag stor – Kr 120,00 (inkl. Mva)

  • Graut m/spekekjøt – Kr 50,-  (inkl. Mva)

  • Dessert/suppe 28,- (inkl. MVA)

Betaling

  • Du får tilsendt faktura frå Kinn kommune si økonomiavdeling kvar månad.

  • All mat blir levert etter nærmare avtale.

Kontakt oss

E-post: Johanna@bordgleder.no
(+47) 474 68 090

Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø