Matservering

Menyen for heimebuande som PDF

Bordgleder Kinn kommune KF er Kinn kommune sitt sentralkjøkken som er ansvarlege for å lage mat til heimebuande i Kinn Kommune som tenger hjelp. Maten blir levert direkte heim til kunden.

Har du spørsmål om meny eller anna, fyll ut kontaktskjemaet og send, eller ring oss på telefon: 474 68 090.

Klikk under for å laste ned menyen.

Søk om å få mat levert heim

Du har krav på hjelp til matlevering viss du ikkje kan besørge mat til deg sjølv, eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å greie gjeremåla i kvardagen din. Om du har eit særskilt hjelpebehov på grunn av sjukdom, funksjonshemming, eller av andre årsaker, vil du kunne få levert mat heim til deg.

Kosttypar

  • Bordgleder tilpassar middagen din etter dine behov ut frå helse og livssyn så langt mogleg.

  • For alle kosttypar tek vi utgangspunkt i normalkost.

  • I nokre få tilfelle må vi gi ein anna rett enn det som står på menyen, avdi det til dømes oppstår endringar i levering av råvarer.

Utlevering

  • Vi har ulike alternativ for utlevering, men hovudregelen er fritt levert to gongar per veke.

  • For heimebuande med spesielle behov har Kinn kommune spesielle tilpasningar.

  • Ring oss eller kontakt oss om du er usikker

Kosthandboka

Kosthåndboken - veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten

Kosthandboka er utarbeidd av Helsedirektoratet for dei som skal produsera og servera mat i institusjonar. Handboka beskriv kosthaldsomsyn i ulike livsfasar, religiøse og kulturelle kosthaldsomsyn, og gir ein utfyllande skildringar dei ulike kosttypane som blir nytta i helseinstitusjonar. ​

Kontakt oss

E-post: Johanna@bordgleder.no
(+47) 474 68 090

Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø