Tips & råd

Oppdekning av bord

Mat betyr mykje for helse og livskvalitet for friske og sjuke menneske, og i alle livsfasar. Medvit og kunnskap om kva maten betyr for den enkelte kan vera avgjerande for eit godt ernæringsarbeid.

Har du rett på reduserte priser har Kinn kommune eigne støtteordninger. Du finn meir om dette på Kinn Kommune sine heimesider.

Tillaging av mat heime

Tillaging i mikroovn

Illustrasjon trinnvis tillaging av mat i mikro

Trinnvis tillaging i mikroovn

1) Midddagen kjem i plastbeger med plastlok.

2) Stikk eit par hold med gaffel før du set
begeret inn i mikroovnen.

3) Set maten inn i mikroovnen

4) Vel temperatur frå 750-850 kw.

5) Maten varmast i 3,5 minutter.

6) Middagen kan anrettast og serverast pent, og ein kan tilsetje krydder etter behov. Hugs å servere kald drikke til.

Helsedirektoratets veileder om kosthald

Kosthandboka

Kosthåndboken - veileder i ernæringsarbeid i helse- og omsorgstjenesten

Kosthandboka er utarbeidd av Helsedirektoratet for dei som skal produsera og servera mat i institusjonar. Handboka beskriv kosthaldsomsyn i ulike livsfasar, religiøse og kulturelle kosthaldsomsyn, og gir ein utfyllande skildringar av dei ulike kosttypane som blir nytta i helseinstitusjonar. ​

Tips kring mat & måltid

Illustrasjon tillaging og anretning av mat

Tillaging og
anretning av måltid

Det kan være ein god ide å bruke litt tid på å lage til måltidet pent. Det kan hjelpe på apetitten hjå eldre, som ellers kan ha utfordringar med å få i seg nok mat.

Illustrasjon for kaldt drikke

Ha alltid kald drikke tilgjengeleg

Det er viktig å ha kald drikke tilgjengeleg. Eldre kan ofte ha tendens til å drikke for lite, noko som bidreg til utfordringar med lav energi, samt besvær med fordøying.

illustrasjon for inviter ein venn

Inviter ein venn

Hadde det ikkje vore kjekt å invitere nokon du liker som middagsgjest? No kan du invitere ein venn til middag, og vi i Bordgleder spanderer den eine retten!

Illustrasjon for dessert

Dessert

Mange eldre slit med å oppretthalde vekta. Det er særs viktig med eit balansert kosthald, men dessert kan vere ein god ekstra ressurs for dei som må opp i vekt.

Kontakt oss

E-post: Johanna@bordgleder.no
(+47) 474 68 090

Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø