Matlevering i over 20 år

Bilete av dei ansatte i Bordgleder

Bordgleder har i over 20 år bidrege til å gjere matkvardagen enklare og betre for våre kundar rundt i heile kommunen. Det motiverer oss å kvar dag skulle levera mat til både eldre og omsorgsstrengande i Kinn kommune, til fleire rederi langs norskekysten, samt til lokale bedrifter. Vi leverar til alle dei ulike institusjonane og til 90 heimebuane som skal ha mat kvar einaste veke, året rundt. Vi leverer og lunsj- og møtemat til bedrifter som ikkje har eige kjøken, eller som treng varm eller kald mat til møter etc.

Bordgleder gjer at kommunen sin matproduksjon er effektiv og samla på ein stad.  Produksjonskjøkenet leverer mat til kommunale institusjonar og heimebuande. I tillegg har vi ein del ferjer på vestlandet som skal ha mat til sine tilsette og til reisande .

Du kan sjå bilete frå verksemda her.

Styret

Jacob Nødseth
STYRELEIAR

Halvor Halvorsen
DAGLEG LEIAR

Torgunn Eikevik
STYREMEDLEM

Petter Refsnes
STYREMEDLEM

Bjørn L. Halsnes
STYREMEDLEM

Kathrine Agledal
ANSATTES STYREREPRESENTANT

PARTNARAR

Bordgleder samarbeider med eit utval av underleverandørar

Som logoane over antydar, har Bordgleder Kinn kommune KF eit fast samarbeid med ulike, utvalde leverandørar som til dømes Nortura, Tine, Safari Engros og Too Good To Go om levering av råstoff til vårt kjøken.

Bordgleder har inngått desse samarbeidsavtalane mellom anna for å sikre høg kvalitet på råvarene, men og for å sikre levering til einkvar tid. I tillegg gjer desse faste avtalene betre pris, då me kan bestille større kvanta råvarer til faste tider.

Desse faste samarbeidsavtalane med leverandørane er viktige for oss, for at Bordgleder skal kunne levere mat til alle kundane våre heile veka, heile året gjennom.

BORDGLEDER KINN KOMMUNE KF

Hans Blomgt. 32
6905 FLORØ

Orgnr. 986 800 778

Informasjon om faktura

Presse og media

Kontakt oss

E-post: Johanna@bordgleder.no
(+47) 474 68 090

Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø