Om menyane våre
Kundane våre på institusjonar, eldre heimebuande, tilsette på ferjer og firma som treng levering av møte- eller lunsjmat, alle har forskjellige behov og ynskje.
Vi har difor fleire menyar, til einskilde behov og ynskje. Her finn du ein oversikt over dei til einkvar tid gjeldande menyane, inkludert oppdaterte prisar.
Bordgleder har fem vekers meny. Dei er alle merka med vekenavn. Vi har spesialmenyar knytta til høgtider som påske, pinse, etc.
Det vert teke omsyn til allergiar og spesielle kostbehov. Treng du diettkost, kan det skje etter henvisning frå lege.
Menyane
-
Mat til institusjonar
Vi leverar mat til alle institusjonar i Kinn kommune, frå Eikefjorden i sør til Deknepollen og Måløy i nord.
-
Mat til heimebuande
Bordgleder leverar mat til heimebuande i Kinn kommune, og har eigen ordning for levering frå dør til dør.
-
Ferjer og bedrifter
Vi leverar med glede mat til ferjer og bedrifter som i en travel kvardag treng ein stabil leverandør av god mat.
-
Lunsj- og møtemat
Vi leverar med glede lunsj- og møtemat i Kinn kommune. Ta kontakt med oss via vårt skjema eller ring oss for nærare avtale.
Kosttypar
Bordgleder tilpassar middagen din etter dine behov ut frå helse og livssyn så langt mogleg.
For alle kosttypar tek vi utgangspunkt i normalkost.
I nokre få tilfelle må vi gi ein anna rett enn det som står på menyen, avdi det til dømes oppstår endringar i levering av råvarer.
Utlevering
Vi har ulike alternativ for utlevering, men hovudregelen er fritt levert to gongar per veke.
For heimebuande med spesielle behov har Kinn kommune spesielle tilpasningar.
Prisar
Middag liten – Kr 65,00 (inkl. Mva)
Middag vanleg – Kr 95,00 (inkl. Mva)
Middag stor – Kr 120,00 (inkl. Mva)
Graut m/spekekjøt – Kr 50,- (inkl. Mva)
Dessert/suppe – 28,- (inkl. MVA)
Betaling
Du får tilsendt faktura frå Kinn kommune si økonomiavdeling kvar månad.
All mat blir levert etter nærmare avtale.
Kontakt oss
E-post: post@bordgleder.no
(+47) 474 68 090
Bordgleder Kinn kommune KF
Hans Blomgt. 32
6905 Florø